Hardingrock
Album • 2007
Der svik og svartsjuke er som grøde Som veks av udådar, drap og døde Der hat og rovlysten ligg på lur Og valdar livet bak lås og mur Der lyder slåtten av skrik og pine Frå spelemannen i blåne-skinet Om noko lukkast og står til liv Den aggen atter til vanvet driv
Submitted by Sexy Gargoyle — Apr 26, 2025
Der bit og knasar i bein og krafsar Og kjøtermunnar i blodet slafsar Av heilt uskuldige, tekne att Og strupekvelte i ævig natt Den må seg fredlaus til graven slepa Som søkjer sæla i det å drepa Kvar gong ein kvitkledd er kjempa ned Da finn den svarte i slåtten fred
Submitted by The Void — Apr 26, 2025
Jaga, skulda i ævig eksil Flykte i øydande, fredlause mil Dømd av vor herre til inkje ei kvil: Av vondt er du komen! Til vondt skal du bli! Og marsjen skal vara Så lenge eg vi'!
Submitted by Cyberwaste — Apr 26, 2025
[Story spoken by Knut Buen]
Submitted by Iron_Wraith — Apr 26, 2025
Eg e ikkje bergteken, Slik ho Margit Hjukse frå Sauherad var [repeat] Ho lengtar ut. Eg lengtar inn. Ho lengtar ut. Eg lengtar inn. Det e ho som ber sorgji så tronge For meg fell nettane korte og dagane longe Aleine eg aldri til kanten tør gå Ho tok eismal vegjen til bergjet der låg Hjarta ho drakk tomt Eg og du kjenner ho vel? Lat oss tøma glaset på det 'Drik utor di, allerkjærasten min!' 'Drik utor di, allerkjærasten min!' For mykje for meg, for lite for deg For lite, for mykje, og stundom akkurat nok Ho kvilar hos kvitskjeggen i bergjet det blå Med du og eg veggen til endes må trå
Submitted by Immortal — Apr 26, 2025
Det fins ein frakte-fabel Om hjelpa frå den vonde Det gjeld ein planestabel Ein køyre-hest og bonde Med øyk og lass det hende Det saug seg fast i søla Og bonden svor og skjennde Om ein som ikkje nøla 'Tru faen kom og henta kvart jækla, stabla bord!' Og den som ikkje venta Var han som bonden svor For stabelen han feste Eit tospann, svart som natta Og med det heile reiste Så fort som ingen fatta
Submitted by BloodShrine — Apr 26, 2025
[Spoken story by Knut Buen]
Submitted by NecroGod — Apr 26, 2025
Eg er ein som ingen kjenner Aldri lik frå stund til stund Eins med fossen stødt eg renner Utfor stup og ned i grunn Eg er ein du berre anar Som eit spel i veldig sus Ein som myrkje sjeler manar Inn til seg i grime-rus Eg gjer alle meir åleine Lik ein ven du aldri vinn For om meg kan ingen meine At dei fram til hjarta finn Eg er tru i den som tvilar Eg er tvilen i kvar tru Eg er fredløysa som filar Otten under band og bru
Submitted by Lake of Tears — Apr 26, 2025
This track is instrumental.
Fisk i Grøndal beit ikkje på Til øyde seter han Nils laut gå Og sengja seg innom stokke-nov Med regnet tromma så godt han sov Men brått han vakna og var i lag Med folk og kretur i solljos dag Det lydde bjøllur, lokk og raut Og anga stulstell og lukt av naut Ei ven budeie med mjølking stulla Og ein vidunderleg slått ho tulla Når inn i bue ho byttar bar Og sila mjølka i kjel og kar Det rokk og varde til Nils fekk sjå At det var huldra han lydde på Med slått i minnet, åleine att Han som ein annan tok livet fatt
Submitted by Dahmers Fridge — Apr 26, 2025
← Go back to Hardingrock