Wardruna
Single • 2024
Flokefull veg Frå fyrndetid Til desse steg Du og eg Flokefull veg Frå fyrndetid Til desse steg Du og eg Ve du meg æra? Kun for ei natt Skinnet ditt bæra? Du fengje det att Eg hamen deg lende Kun for ei natt Eg krev han attende Avgjerda tatt! Hamen magna Trekkje som tolv Eg kunne òg trenga Ditt lodne skjold Hamen din aukar Tyngre di bør Du skulle helst ynskje At alt var som før? Hugsterk i hovud Tеnkje som ti Eg kunne òg trengе Å fylgje din sti Hugen din aukar Tenkjer som meg Du skulle nok nytta Å trå mine steg Gå ved di side Ell ́ ryggjen ri Eg kunne òg trenga Å Kvila i hi Gå ved mi side Ell ́ ryggjen ri Du kunne òg trenga Å Kvila i hi Eit skifte på veg Eg kjenner kvart steg Det kvervande hjul Kallar i meg Gå under jord Byrje på ny Fylgje din sti Kvila i hi
Submitted by Sexy Gargoyle — Feb 09, 2026
Soli ho kvervar støtt på sin sti Skogens hjuring hev krabba i hi Drøymer søtt på ei moseseng Om summande biar i blomstereng Soli ho kvervar beint i si bane Honnigdraum lokkar mitt gap og mi gane Vindane ular og elva ligg still Eg lyt nok kvile litt til Der ute syng isen sin svevnlokkesong Yver land, yver tjørn Yver binna og yver bjørn Der ute syng isen sin svevnlokkesong Yver åker og eng Yver hi og dvaleseng Soli ho kvervar støtt på sin sti Dagen veks i eit krympande hi Hjuringen blæs og møyane lokkar Svarttosten kvitrar som rismålsklokkar Der ute syng verda si vaknevise Yver land, yver tjørn Yver binna og yver bjørn Der ute syng verda si vaknevise Yver åker og eng Yver hi og dvaleseng Yver binna og bjørn Ut or hi og dvaleseng
Submitted by Sexy Gargoyle — Feb 09, 2026
Bjørnesyster, Bjørnebror Eg leitar støtt, finn berre spor Forlatt er skogens høvdingstol Jagd derfrå er skogens mor Hugens stilause skog Djupt, inn meg drog Kring minnas aldrande trær Er du allstøtt nær Himinndotter! Mi syster i skogen Vis meg kor eg finn, kor det veks Vis meg kven eg var og er Birna Vis meg kven eg var Då eg jaga vidt Då du jaga fritt Før skogane svann Før elva vart temt Og mannahugen vendt Sei meg kva du heitte før Då himmelnatt var heim Himinndotter! Mi systеr i skogen Hold mi hand, lat oss vandra Steg for steg gjønå Mørkеt og ljos Syster kjær Vil du heim att vende? Utan ande Er livet stutt Skogen er feigd Utan sin hyrde
Submitted by Sexy Gargoyle — Feb 09, 2026
Seier ned, seier inn Seier inn i hold og skinn Djupt i blod, djupt i sinn Som ein vind eg forsvinn Som ein vind… …eg forsvinn Hertō rādiþ Hertō rādiþ Hertō rādiþ (Reidmannē wiljan) Hertō rādiþ Hertō rādiþ Hertō rādiþ (Reidmannē wiljan) Hertō rādiþ (Reidmannē walas) Hertō rādiþ (Reidmannē wiljan) Hertō rādiþ (Reidmannē walas) Hertō rādiþ Reidmannē wiljan Hertō rādiþ Reidmannē walas I kimen av alt Trommer ei takt Kjennsleskipets ror Av gull, av stein Dansar vilt utan bein Brister utan å brjote Eg synk Ned i mørkret Det blenkjande kvite Fell heile mi yte Berre kimen står att Heilt forlatt Utan banda som batt (Eg synk) Utan banda som batt (Ned i mørkret) Som eit frø Finn eg styrke I mold og i myrke (Det blenkjande kvite) Det som kostar, djupt - det lønar, djupt (Fell heile mi yte) Hertō rādiþ Reidmannē wiljan Hertō rādiþ Reidmannē walas Eg kverver med sola Dansar med månen Eg smeltar med isen Symjer oppstaums med fiskane Som eit tre Fell eg lauva Som ein fisk som vender heim Symjer oppstraums Frå ljos til livmor Går i hi med bjørn! Går i hi, går i hi, går i hi med bjørn! Går i hi, går i hi, går i hi med bjørn! Går i hi, går i hi, går i hi med bjørn! Går i hi, går i hi, går i hi med bjørn! Reidmannē wiljan (Hertō rādiþ) Reidmannē walas (Hertō rādiþ) Som ny, eg ris frå mørkret Det blenkjande kvite Hertō rādiþ (Reidmannē wiljan) Hertō rādiþ (Reidmannē walas)
Submitted by Sexy Gargoyle — Feb 09, 2026
Sal din hug og lat den ri og renna Med blinde augo vil du vegen finna Djupt du dreg anden inn, let tankar svinna Langsamt slepp anden fri, i vinden rida Spinn spindel, tvinn i tankar, kverv i syn Seidsongen, lint den lokkar hug or ham Fram gjøno døri, gjøno kongro-sløri Fram, ber med bare føt, den tunge børi Ut in ditt indre ventar bratt ein sti Høgt der på Lyvjarnut stend møyar ni Ved fyrste stad der stiar krossar, biar du Legg frå deg kleda, alt du eige med Der du er på veg, er dei til ingen nytte Børa letnar, framom ventar tyngre veg Ved andre stad der stiar krossar, biar du Legg frå deg tida, tunge tankar med Der du er på veg, er dei til ingen nytte Børa letnar, framom ventar tyngre veg Ved tridje stad der stiar krossar, biar du Legg frå deg reidsle, legg di maske ned Der du er på veg, er dei til ingen nytte Børa letnar, framom kjem dei tyngste steg Nakjen der på nuten, kjenner berget deg Nordre slær si ørnevengje, vinden dreg Kring deg fær kvendeskuggar dansande Ramme runar, mæl og manar, yve deg Sott og sår Or marg og bein Or kjøt og blod Or hold og skinn I vær og vind Ut du svinn Eg manar deg inn i berget blå Der korkje sol ell måne skin deg på Eg maner til skogen der ingen bur Og til den sjø som ingen ror Djupt under jordfast stein Til ingens mein Gjønom elva renna Havet venda I vær og vind Ut du svinn Korkje sol ell måne Skin deg på Synk i den sjø som Ingen ror I elva renna I havet venda Lyvjaberg hev alltid stende Til trøyst for sjuk og såra Kvar og ein som berget kliv Lækjast for livslang sott Legg den att på Lyvjaberget Hødgi der åar alle Buktar støtt seg nord og nedan Bergar den som berget maktar
Submitted by NecroGod — Feb 09, 2026
← Go back to Wardruna